From Wikipedia, the free encyclopedia
Flodbølgjer er ekstremt store bølgjer som ikkje er forårsaka av vind og straum, men av jordskjelv, ras, vulkanutbrot, meteorittnedslag eller andre kraftige, brå hendingar.
Dei største flodbølgjene vert kalla tsunamiar, frå det japanske ordet hamnebølgje som kom til etter at fiskarar kom heim til fullstendig øydelagde hamner utan at dei sjølv hadde merka noko til flodbølgja. Ein tsunami har nemleg den spesielle eigenskapen at han nesten ikkje gjer frå seg energi i djupt vatn. Tsunamiar har ei bølgjelengd som er stor i forhold til djupna, og kan forplante seg over store avstandar. Tsunamiar flyttar seg med snøggleiken , der er lik 9,83 m/s2, og er djupleiken på den staden flodbølgja startar. Snøggleiken kan koma opp mot nesten 1 000 km/h. Når ein tsunami nærmar seg land, vert han bremsa etter kvart som sjøen grunnar. Inne ved kysten er snøggleiken normalt rundt 100 km/h. Grunnen til at det kan bli så store øydeleggingar, er at volumet av ei flodbølgje er omvendt proporsjonal med snøggleiken, slik at bølgjehøgda aukar sterkt inne ved land.
Tsunamiane skjer oftast i Stillehavet.
I Stillehavet vert det nytta eit varslingssystem der ein registrerer ristingar i havbotn ved hjelp av seismografar eller der vekta eller trykket av havvatnet vert registrert av trykkmålarar på botn. Dette vert signalisert til målestasjonar på land via satellitt. Så lenge det er ein viss avstand frå utgangspunktet og til land, har ein tid til å setje i gang tiltak. Vert bølgjene utløyste for nær land, kan det hende at varlingssystemet ikkje gjev ein nok reaksjonstid. Ei anna ulempe er at varlingssystema ofte gjev falske alarmar. Ikkje alle kraftige undersjøiske jordskjelv medfører tsunamiar, til dømes om rørsla i brotsonen på havbotn hovudsakleg er horisontal. Det vert arbeidd med å lage varslingssystem som gjev færre falske alarmar.
Etter tsunamikatastrofen i 2004 vert det arbeidd med å få på plass varslingssystem i Indiahavet, Det karibiske havet, Middelhavet og Nord-Atlanteren.
Flodbølgjer utløyst av fjellskred frå land:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.