From Wikipedia, the free encyclopedia
Flenjatunnelen er ein tunnel på Europaveg 16 i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Tunnelen går gjennom Flenjaeggi mellom Flåm og Langhuso i Undredalen. Tunnelen er 5053 meter lang, og vart opna i 1985. Då han vart opna gav Flenjatunnelen vegutløysing for Undredal. Seinare kom også Gudvangatunnelen til Gudvangen.
Transporterer | E16 |
---|---|
Stad | Flåm - Langhuso |
Kommune | Aurland |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Lengd | 5053 m |
Stigning | 6,5% |
Opna | 1985 |
Flenjatunnelen 60.885°N 7.095°E |
Flenjatunnelen vart ein del av gamle Riksveg 601 mellom Flåm og Undredal då han opna. Gudvangatunnelen vart opna i 1991, og Riksveg 50 vart forlengd via Flenjatunnelen til Gudvangen. Då Lærdalstunnelen mellom Lærdal og Aurland vart opna i 2000, vart vegen mellom Aurlandsvangen og Gudvangen ein del av Europaveg 16.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.