From Wikipedia, the free encyclopedia
FA-cupturneringa i fotball 1988 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London laurdag 14. mai 1988, med 98 203 tilskodarar på tribunane. Wimbledon FC, som deltok i sin einaste FA-finale, sigra med 1 mot 0 over favorittane frå Liverpool FC.
Kampens einaste skåring kom i det 37. minutt av fyrste omgang. Midtbanespelaren Lawrie Sanchez skalla då eit innlegg frå Dennis Wise over Liverpool-målvakta og i nettet. Liverpool hadde fleire gode sjansar til å utlikne, størst då laget fekk straffespark etter ein times spel. Wimbledon-kapteinen, målvakta Dave Beasant, vart historisk då han som fyrstemann redda eit straffespark i ein FA-finale.
Wimbledon-mannskapet bestod av: Dave Beasant (kaptein), Clive Goodyear, Eric Young, Andy Thorn, Terry Phelan. Vinnie Jones, Lawrie Sanchez, Alan Cork, Terry Gibson, John Fashanu og Dennis Wise. Litt ut i andre omgang kom fyrst Laurie Cunningham og deretter Johan Scales på bana, ut gjekk Cork og Gibson.
Liverpool mønstra: Bruce Grobbelaar, Steve Nicol, Gary Gillespie, Alan Hansen (kaptein), Gary Ablett, Ray Houghton, Nigel Spackman, Steve McMahon, John Barnes, Peter Beardsley og John Aldridge. Midtvegs i andre omgang kom Johnston inn i staden for Aldridge og et kvarter føre slutten kom Mølby inn i staden for Spackman.
Domaren heitte Brian Hill.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.