From Wikipedia, the free encyclopedia
FA-cupturneringa i fotball 1973 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 5. mai 1973. 100 000 tilskodarar såg Sunderland AFC vinne klubbens einaste trofe etter 2. verdskrigen, då laget sensasjonelt sigra 1-0 mot tittelforsvarar Leeds United. Leeds-mannskapet i fyrste halvpart av 1970-åra heldt europeisk toppnivå og var store favorittar mot Sunderland, ein klubb som spelte i engelsk 2. divisjon.
Ian Porterfield vart matchvinnar for Sunderland då han skaut over Leeds-målvakta frå 10-11 meters hald i det 32. minutt. Midtvegs i andre omgangen stod Sunderland-målvakta Jimmy Montgomery for ei redning det gjekk gjetord om, eit skot frå Leeds-spelaren Peter Lorimer slo han i tverrliggaren og ut.
Sunderland sitt vinnarlag: Jimmy Montgomery. Dick Malone, Dave Watson, Richie Pitt, Ron Guthrie, Bobby Kerr, Micky Horswill, Ian Porterfield, Billy Hughes, Vic Halom, Dennis Tueart.
Leeds sitt lag bestod av: David Harvey, Paul Reaney, Trevor Cherry, Billy Bremner (kaptein), Paul Madeley, Norman Hunter, Peter Lorimer, Allan Clarke, Mick Jones, Johnny Giles og Eddie Gray. Terry Yorath kom inn i det 75. minutt for Eddie Gray.
Dommaren heitte Ken Burns.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.