From Wikipedia, the free encyclopedia
FA-cupturneringa i fotball 1968 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 18. mai 1968. 100 000 tilskodarar såg West Bromwich Albion sine 12 utvalde spelarar vinne klubbens femte FA-pokal etter siger 1-0 mot Everton FC frå Liverpool. West Bromwichs forrige triumf i FA-cupen kom i 1954.
Etter 90 mållause minuttar avgjorde senterløparen Jeff Astle finalen til West Bromwich sin fordel då han i det 93. minutt, etter ein retur frå ein Everton-forsvarar, frå 15-16 meter lyfta ballen i høgt i målburet.
West Bromwich stilte med: John Osborne, Doug Fraser, John Talbut, John Kaye, Graham Williams (kaptein), Graham Lovett, Ian Collard, Clive Clark, Tony Brown, Jeff Astle, Bobby Hope. Innbytaren Dennis Clarke erstatta John Kaye.
Everton mønstra: Gordon West, Tommy Wright, Ramon Wilson, Howard Kendall, Brian Labone (kaptein), Colin Harvey, Jimmy Husband, Alan Ball, Joe Royle, John Hurst, Johnny Morrissey.
Dommaren heitte Leo Callaghan. [[
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.