FA-cupfinalen i fotball 1963
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
FA-cupturneringa i fotball 1963 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 25. mai 1963. Framfor 99 604 tilskodarar vart Manchester United FA-cupmeister for tredje gong, etter å ha sigra med 3-1 over Leicester City. Det var 15 år sidan den førre Manchester United-triumfen i FA-cupen.
Denis Law gav Manchester United leiinga då han etter halvtimen mottok eit innlegg frå venstre, og ved straffemerket tvervende og sende ballen tilbake i venstre målhjørne. David Herd la på til 2-0 i det 57. minutt, etter at Leicester-målvakta Gordon Banks hadde halvklart eit skot frå Bobby Charlton. I det 80. minutt stupheada senterløpar Ken Keyworth inn ei redusering frå 8-10 meters hald. Fem minuttar før full tid fomla Banks med eit United-innlegg, og David Herd kunne enkelt fastsette sluttresultatet til 3-1.
Manchester United stilte med: David Gaskell, Tony Dunne, Bill Foulkes, Maurice Setters, Noel Cantwell (kaptein), Pat Crerand, Johnny Giles, Albert Quixall, David Herd, Denis Law og Bobby Charlton.
Leicester City mønstra: Gordon Banks, John Sjoberg, Richie Norman, Frank McLintock, Ian King, Colin Appleton (kaptein), Howard Riley, Graham Cross, Ken Keyworth, Dave Gibson, Mike Stringfellow.
Dommaren heitte Ken Aston.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.