From Wikipedia, the free encyclopedia
FA-cupturneringa i fotball 1961 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 6. mai 1961. Framfor 100 000 tilskodarar vann Tottenham Hotspur sin tredje FA-pokal. 40 år etter den forrige, ved å slå Leicester City med 2 – 0.
Tottenham avgjorde finalen med skåringar i det 66. og 75. minutt. Den fyrste ved Bobby Smith, frispelt av Terry Dyson, den andre då Dyson heada eit innlegg frå Smith i mål.
Tottenham sitt vinnarlag: Bill Brown, Peter Baker, Maurice Norman, Dave Mackay, Ron Henry, Danny Blanchflower (kaptein), Cliff Jones, John White, Bobby Smith, Les Allen og Terry Dyson.
Leicester City stilte med: Gordon Banks, Len Chalmers, Ian King, Richie Norman, Frank McLintock, Ian King, Colin Appleton, Howard Riley, Jimmy Walsh (kaptein), Hughie McIlmoyle, Albert Cheeseborough og Ken Keyworth
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.