From Wikipedia, the free encyclopedia
Fédération Cynologique Internationale (FCI) er ein profittfri medlemsorganisasjon og topporgan for ei rekkje nasjonale kennelklubbar rundt om i verda, som til dømes Norsk Kennel Klub i Noreg og dei andre kennelklubbane i Norden. Organisasjonen har som føremål å take seg av dei tilhøva ved oppdrett av hundar og hundesport som har med kynologi (fransk: cynologie) å gjere; det vil seie at foreininga godkjenner og registrerer standardar for hunderasar og kva for kjenneteikn ved ein hund som må vere til stades for at hunden er rasetypisk og raserein.
Fédération Cynologique Internationale | |||
| |||
Skipa | 22. mai 1911 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Thuin | ||
Tilsette | 435 | ||
Nettstad | http://www.fci.be/en/ |
Fédération cynologique internationale vart skipa 22. mai 1911 av representantar for Tyskland (Kartell für das Deutsche Hundewesen und Die Delegierten Kommission), Austerike (Osterreichischer Kynologenverband), Belgia (Société Royale Saint-Hubert), Frankrike (Société centrale canine) og Nederland (Raad van Beheer op Kynologisch Gebied in Nederland), og har hovudkontoret i Thuin (vallonsk: Twin) i Belgia. Organisasjonen har status som ei samanslutning utan profittføremål etter belgisk lov.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.