norsk advokat og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Eyvind Getz (18. juni 1888–28. august 1956) var ein norsk jurist og politikar frå Oslo, representerte Høgre på Stortinget i fleire periodar. Riksadvokat Bernhard Getz var far hans.
Eyvind Getz | |||
| |||
Fødd | 18. juni 1888 | ||
---|---|---|---|
Død | 29. august 1956 (68 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Far | Bernhard Getz | ||
Alle verv |
|
Getz tok eksamen ved Hallings skole i Kristiania i 1906, året etter vart han vernepliktig offiser. I 1911 vart han cand.jur. frå universitetet i hovudstaden, og arbeidde dei neste fire åra i Aftenposten. År 1915 vart han forfremja til til premierløytant. Deretter var han fullmektig i advokatfirmaet Blom, Koss & Nielsen fram til 1920, då han etablerte eiga advokatforretning i Oslo.
Getz var varamann til Stortinget 1922-24, møtte i staden for statsråd Odd S. Klingenberg frå 6. mars 1923, medlem i sosialkomiteen. I den neste stortingsperioden, 1925-27, hadde han fast plass på Tinget, med sete i justiskomiteen. Getz kom tilbake som stortingsrepresentant i 1934, fram til 1945 var han formann i administrasjonskomiteen.
Lokalpolitisk var Getz medlem av formannskapet i Oslo frå 1922 til 1934, varaordførar 1927-28 og ordførar 1932-34. Samstundes som han var ordførar var han også styreformann i Oslo Kinematografer. Han var formann i Oslo Høgre 1926-31 og nestformann i sentralstyret i Høgre frå 1937 til -45.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.