From Wikipedia, the free encyclopedia
Everett er ein by i Snohomish County i delstaten Washington i USA. Byen er fylkessete i Snohomish County. Everett hadde 103 019 ibuarar 2010. Byen, som ligg 40 km nord for storbyen Seattle, vart grunnlagd i 1855. Han har namn etter sonen til Charles L. Colby, ein stor forretningsdrivar i byen på slutten av 1800-talet.
Everetts tidlege økonomi var basert på skogsdrift og treindustri. I siste halvdel av 1960-åra bygde flyprodusenten Boeing ein stor fabrikk der det vert laga jumbojetar. Boeing hadde i 32 000 tilsette i Everett i 2006. Ein stor marinebase ved Everett vart teken i bruk i 1994, og sysselset i kring 6 000 personar.
74,6% av ibuarane i Everett er registrert som kvite. Folk av asiatisk, latinos og afro-amerikansk herkomst utgjer dei største minoritetane.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.