From Wikipedia, the free encyclopedia
Euridice (òg Erudice eller Eurydice) er ein opera av Jacopo Peri, med noko musikk av Giulio Caccini. Han vart først framført i Firenze den 6. oktober 1600 med libretto skriven av Ottavio Rinuccini, basert på Ovid sitt Metamorfoser.
Operaen vart skriven for bryllaupet til Henrik IV og Maria de Medici. Dette vert av somme rekna for å vere den andre moderne operaen som vart skriven og den tidlegaste operaen som har overlevd fram til i dag. Den første, Dafne, òg av Peri, vart skriven i 1597.
Operaen vart først framført i Palazzo Pitti. Peri sjølv song hovudrolla og mange av dei andre rollene vart spelte av medlemmer i følgjet til Caccini, inkludert dottera Francesca Caccini. Caccini skreiv faktisk ein heil opera kalla Euridice til same libretto og fekk han publisert før Peri sin. Caccini sin opera vart derimot ikkje framført før 1602 og vart aldri framført på ny, truleg fordi Peri si utgåve vart særs populær.
Euridice inneheld nokre av dei første døma på resitativ. Peri set varsamt tempoet i stemma og akkompagnementet for å legge vekt på spaning og frigjering i teksten. Rytmane og melodiske vendingar i vokallinja imiterer tale. I tillegg er lidenskaplege utrop sett med uførebudde dissonansar og uventa bassrørsler.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.