Eukaryotar
gruppe av organismar med membranbundne cellekjernar From Wikipedia, the free encyclopedia
gruppe av organismar med membranbundne cellekjernar From Wikipedia, the free encyclopedia
Eukaryotar er éin- eller fleircella organismar kjenneteikna av indre membranar, eit celleskjelett og mange celleorganeller som ikkje finst i prokaryote celler. Dei viktigaste eukarote celleorganella er cellekjernen (nukleus), endoplasmatisk retikulum, golgiapparatet, celleskjelettet, mitokondriar, kloroplastar og flimmerhår (ciliar).
Eukaryotar | |
Nakensniglane Glaucus atlanticus (til venstre) og Glaucilla marginata er døme på eukaryotar. | |
Systematikk | |
Overrike: | Eukaryotar Eukaryota Chatton, 1925 |
Domenet har fått namnet sitt etter den tydelege cellekjernen gjennom samansettinga av gresk ευ, 'god, ekte' og κάρυον, 'nøtt'. Inni kjernen finn ein arvematerialet DNA ordna i kromosom. I prokaryotar ligg derimot arvematerialet spreidd rundt i cella.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.