From Wikipedia, the free encyclopedia
Esso er eit internasjonalt varemerke, nytta av oljeselskapet ExxonMobil og tilknytte selskap. Esso kjem av forkortinga SO for Standard Oil.
Esso | |||
| |||
| |||
Org.nr. | 914803802 | ||
---|---|---|---|
Bransje | Petroleumsverksemd | ||
Skipa | 1911 | ||
Eigar | Exxon Mobil | ||
Hovudkontor | Irving i Texas | ||
Land | USA | ||
Produkt | bensin, smøremiddel | ||
Nettstad | https://www.esso.com/en (engelsk) |
Varemerket er mest kjend frå bensinstasjonar. Norske Esso A/S har bygd opp eit stort oljeraffineri på Slagentangen ved Tønsberg, det såkalla Essoraffineriet. Systerselskapet Esso Exploration and Production Norway Inc, med hovudkontor i Stavanger, driv med leiting etter og utvinning av petroleum på norsk kontinentalsokkel.
I USA vert mest varemerket Exxon nytta, slik at Esso ikkje er så kjend der. Standard Oil Company opparbeidde seg nærast monopol innan oljeindustrien i USA. Etter fleire rettssaker var selskapet i 1911 delt opp i sju sjølvstendige selskap. Kvart av desse hadde rett til å nytta varemerket "Standard" i ulike delstatar. Standard Oil of New Jersey hadde rettane til New Jersey, i tillegg til Maryland, West Virginia, Virginia, North Carolina, South Carolina, og District of Columbia. Innan 1941 hadde selskapet òg sikra seg rettane i Pennsylvania, Delaware, Arkansas, Tennessee, og Louisiana. I desse statane marknadsførte selskapet produkta sine med varemerket "Esso". Varemerket vart òg nytta i New York og dei seks statane i New England.
I 1974 døypte Standard Oil of New Jersey seg om til Exxon Corporation, og nytta Exxon som varemerke.
I andre land i verda vert varemerka Mobil og Esso nytta, og varemerket Exxon er nær ukjend.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.