Espen Skjønberg

norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Espen Skjønberg

Espen Henrik Skjønberg (7. april 192426. august 2022) var ein norsk skodespelar, kjend frå både teaterscene, fjernsyn og film.

Familie

Foreldra hans var skodespelarane Henny og Eugen Skjønberg, medan Pål Skjønberg var bror hans. Espen Skjønberg var gift to gonger, andre gongen var med skodespelaren Mona Hofland frå 1959 til ho døydde i 2010. Sonen hans frå fyrste ekteskap er skodespelar og regissør Jo Skjønberg.

Teater

Espen Skjønberg arbeidde ved norske teater, mellom anna Nationaltheatret, Oslo Nye Teater og Det Norske Teatret. Våren 2007 gjesta han igjen Nationaltheatret i rolla som Vladimir i suksessen Vente på Godot, som var inne i sin fjerde sesong ved teatret. Våren 2008 spelte han domaren i Henrik IV på Det Norske Teatret. I åra 2001–2004 turnerte han landet rundt med monologen «Grand Old Man» (skrive av Lars Saabye Christensen og regi Per Olav Sørensen) og vart hylla av publikum og kritikarane. Skjønberg var aktiv på Nationaltheatrets scene hausten 2012 i Kardemomme by som Tobias i tårnet.

Film og fjernsyn

Skjønberg filmdebuterte allereie som 13-åring i 1937. Han hadde mange filmroller, mellom anna i filmane Secondløitnanten, O'Horten og En håndfull tid. Han spelte også i mange tv-seriar, mellom anna sentrale roller i Familiesagaen De syv søstre og Berlinerpoplene, og medverka i førjulsseriane Jul på Månetoppen og Jul i Blåfjell.

Filmografi

  • En glad gutt (1932)[1]
  • Fant (1937)
  • De vergeløse (1939)
  • Ukjent mann (1951)
  • Dei svarte hestane (1951)
  • Andrine og Kjell (1952)
  • Vi vil skilles (1952)
  • Skøytekongen (1953)
  • Ung frue forsvunnet (1953)
  • Portrettet (1954)
  • Kasserer Jensen (1954)
  • Arthurs forbrytelse (1955)
  • Roser til Monica (1956)
  • Stevnemøte med glemte år (1957)
  • Hans Nielsen Hauge (1961)
  • Faderen (1969) (TV)
  • Vildanden (1970) (TV)
  • Gråt, elskede mann (1971)
  • Motforestilling (1972)
  • Knut Formos siste jakt (1973)
  • Vårnatt (1976)
  • Arven (1979)
  • Rallarblod (1979)
  • Medmenneske (1981) TV-serie
  • Forfølgelsen (1981)
  • Krypskyttere (1982)
  • Lars i porten (1984)
  • Kong Lear (1985) TV-serie
  • Codename: Kyril (1988) TV-serie
  • Landstrykere (1990)
  • Smykketyven (1990)
  • En håndfull tid (1990)
  • Kvitebjørn kong Valemon (1991)
  • Secondløitnanten (1993)
  • Svampe (1990)
  • Trollsyn (1994)
  • Drømspel (1994)
  • Vestavind (1994) TV-serie
  • Pakten (1995)
  • Familiesagaen De syv søstre (1996) TV-serie
  • Syndig sommer (1996)
  • Jul i Blåfjell (1999) TV Serie
  • Toy Story 2 (1999)
  • Sofies verden (1999)
  • Sofies verden (2000) TV-serie
  • Jeg er Dina (2002)
  • Jul på Månetoppen (2002) TV-serie
  • Seks som oss TV-serie
  • Min misunnelige frisør (2004)
  • Berlinerpoplene TV-serie (2007)
  • O'Horten (2007)
  • Prøvetid (2008)

Prisar og utmerkingar

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.