From Wikipedia, the free encyclopedia
Espen «Shampo» Knutsen (fødd 12. januar 1972) er ein norsk tidlegare ishockeyspelar og -trenar fødd i Oslo, sett på som eitt av dei største norske talenta innan idretten.
Espen Knutsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. januar 1972 (52 år) Oslo |
Idrett | ishockey |
Tok del i | Vinter-OL 1994 |
Utmerkingar | Gullpucken |
Knutsen har spelt for norske Vålerenga i Oslo, svenske Djurgården og amerikanske Mighty Ducks og Columbus Blue Jackets i NHL-serien. Han har også merka seg ut ved å spela på det norske ishockeylandslaget. Vinteren 2002 spelte han for verdslaget i NHL All-Star-kampen. Verdslaget vann 8-5 mot Nord-Amerika der Shampo laga 4-5-målet. Han er ein av få nordmenn med erfaring frå den amerikanske NHL-serien, der han spelte til saman 207 kampar. Då han spelte for Djurgården blei han utnemnd til den beste norske spelaren i svensk eliteserie.
Ein nakkeskade gjorde at han måtte avslutta spelarkarrieren, og han blei i staden hovudtrenar for Vålerenga Ishockey i sesongen 2006/07.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.