Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Erzgebirge tsjekkisk Krušné hory, engelsk Ore Mountains), som tyder 'Malmfjellet' på norsk, er ei fjellkjede i Tyskland og Tsjekkia. Dei dannar 150 km av grensa mellom dei to landa, og ligg mellom den vestlege grensa av Sachsen og elva Elbe.
Erzgebirge | |||
fjellkjede | |||
Land | Tyskland, Tsjekkia | ||
---|---|---|---|
Del av | Krušnohorská hornatina | ||
Erzgebirge 50.5°N 13°E | |||
Wikimedia Commons: Ore Mountains | |||
Dei vestlegaste delane av Erzgebirge har dei høgaste toppane. Klínovec (1 244 m) på den tsjekkiske sida, og Fichtelberg (1 215 m) på den tyske sida er dei høgaste fjella i fjellkjeda. I vest går Erzgebirge over i dei lågare bayerske Fichtelgebirge. I aust kan ein sjå på Elbe sandsteinsfjell som ei forlenging av Erzgebirge. Aust for Elbe held fjellkjeda fram som Lausitzerfjella. Erzgebirge heller sakte mot nord, der byane Zwickau og Chemnitz ligg ved foten av fjella. Den sørlege sida er derimot svært bratt.
Erzgebirge var stort sett ikkje folkesett i mellomalderen, og var dekt av tett skog. På 1400-talet vart det oppdaga sølv og tinn i fjellet, og ein grunnla busetnadar som seinare utvikla seg til byar. Namnet kjem frå dei rike mineralkjeldene i fjellet.
Erzgebirge er vidkjend for sine mange juletradisjonar. Då sølv- og tinnførekomstane forsvann, byrja gruvearbeidarane å sjå seg om etter nye måtar å føde familiane sine på. I tillegg til at ein laga blonder og veveprodukt, byrja innbyggjarane med treutskjering, mellom anna nøtteknekkarar og julepyramidar. Seiffen, aust i fjella, er senteret for produksjon av leiketøy av tre.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.