Erling Øistein Steineide, (10. august 1938–9. oktober 2019) var ein norsk langrennsløpar frå Heidal i Oppland. Han vart i 1965 noregsmeister på 15 kilometer på Fåberg. Steineide var medlem av Heidal Idrettslag, ei tid tevla han for Sjårdalen Idrettslag, før han atter gjekk for Heidal.
Erling Steineide | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. august 1938 Sel kommune |
Død | 9. oktober 2019 (81 år) |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1964 |
Aktiv
Steineide var med å vinne NM-gull i 3 x 10 km stafett for Sjårdalen IL 1963-65 og for Heidal IL 1968, 1969 og 1971. Vinteren 1964 vart han nummer fire på tremila i NM på Voss, då Gjermund Eggen vart norsk meister for fyrste gong, og fekk same plassering som beste nordmann på tremila i den Svenska skidspelen. Under noregsmeistersakpen på Fåberg i 1965 gjekk Steineide sitt livs løp og vann gullmedaljen på 15 km framom Gjermund Eggen og med Ole Ellefsæter på bronseplass. I 1966 vart Steineide fjerdemann på 15 km i Lahti-renna.
Steineide gjekk den andre etappen for Noregs lag som vart nummer fire på OL-stafetten i 1964. Og han var ankermann for mannsakpet som fekk same plasseringa under Ski-VM 1970.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
- 1964: Nr 4 på 30 km i Kiruna i Svenska skidspelen
- 1965: Nr 5 på 30 km i Falun i Svenska skidspelen
- 1966: Nr 4 på 15 km i Lahti
- 1969: Nr 8 på 15 km i Holmenkollen
- 1970: Nr 23 på 30 km under VM i Štrbské pleso
Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap
Kjelde
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.