Erkeengel tyder den øvste engelen eller overengelen.

Thumb
Erkeengelen Mikael av Guido Reni

Uttrykket forekjem aldri i fleirtal i Bibelen. I nynorske bibelomsetjingar frå 1921 til 1985 er ordet «yverengelen», seinare «overengelen», bruka. I bibelomsetjinga frå 2005 står det i Judas 9 om «erkeengelen Mikael».

Det finst likevel kristen tradisjon for at vi har fire erkeenglar: Mikael, Gabriel, Rafael og Uriel. I ortodoks kristendom snakkast det nokre gonger om at det er sju, og dei omfattar i tillegg til desse Selafiel, Jegudiel og Barakiel. I islam snakkar ein om fire erkeenglar, i jødedommen om sju.

Andre kristne retningar (som f.eks. Jehovas vitne) meiner at det berre er éin erkeengel, Mikael. Til stød for dette synet nemner dei Matteus 28:18 der Jesus seier: ««Eg har fått all makt i himmelen og på jorda», og trekker den slutninga at erkeengelen Mikael er identisk med Jesus Kristus.

På nettet:

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.