From Wikipedia, the free encyclopedia
Enns er ei elv i Austerrike og ei av dei sørlege sideelvene til Donau med ei lengd på 254 km.
Enns | |||
elv | |||
Ennstal mellom Stainach og Liezen | |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 6 000 km² | ||
Sideelvar | Palten, Salza og Steyr | ||
Lengd | 254 km | ||
Middelvassføring | 201 m³/s | ||
Kjelde | Radstädter Tauern | ||
Munning | Donau ved Mauthausen | ||
Enns 48.2369°N 14.5203°E | |||
Wikimedia Commons: Enns River | |||
Enns har sitt utspring i fjella Radstädter Tauern i delstaten Salzburg. I ein dal som vart danna under den siste istida, renn ho austover på grensa mellom Dei nordlege kalksteinsalpane og Dei sentralaustlege Alpane gjennom Steiermark der ho passerer Dachsteingruppa i sør. Mellom Admont og Hieflau snur elva nordover og passerer gjennom Gesäuse, eit gjel med ei lengd på 15 km i Ennstaleralpane. Ho renn så inn i Øvre Austerrike ved munningen av Laußabach. Nord for Steyr dannar ho grensa mellom Øvre Austerrike og Nedre Austerrike. Til slutt renn ho ut i Donau ved Mauthausen og landsbyen Enns.
Enns får vatn frå eit område på om lag 6 000 km², som er det femte største nedslagsfeltet i Austerrike. Middelvassføringa ved munningen er 201 m³ per sekund.
På midten av 1800-talet vart det bygd kanalar langs det 70 km lange strekket mellom Weißenbach og Gesäuse for å bruke vatnet til jord- og skogbruk.
Totalt er det ti kraftverk knytte til elva, og dei genererer totalt 345 megawatt straum.
Dei viktigaste sideelvene er Palten, Salza og Steyr.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.