nordisk språk som blir tala i Älvdalen, Sverige From Wikipedia, the free encyclopedia
Elvdalsk (elvdalsk övdalsk; svensk älvdalsmål, älvdalska) vert tala i Älvdalen i Dalarna-området i Sverige. Det finst om lag 3 000 menneske som talar elvdalsk, og det finst òg bøker og tidsskrift på målet. Elvdalsk var lenge sett på som ein dialekt, men rundt byrjinga av 2000-talet har det vore debatt[2][3] og kontrovers om elvdalsk er ein dialekt av svensk eller eit eige språk, og det har fått ein eigen ortografi.[4][5] Eit «riksdagsledamot» i riksdagen klarte på ein særs elegant måte å syna at elvdalsk ikkje er ein svensk dialekt, då han innleidde eit ordskifte på elvdalsk.[6]
Elvdalsk stammar frå det fellesnordiske språket oldnordisk, som gav utspring til dei samtidige språka norsk, islandsk, færøysk, svensk, dansk og dialektar og variantar av desse. Mange språkforskarar ser på målet som meir «opphavleg» svensk enn rikssvensk, som av sosioøkonomiske grunnar er basert på dialektane som fanst i Mälardalen på tida då språket vart skriftlagt.
Elvdalsk skil seg frå svensk, norsk og dansk med det at det i likskap med islandsk og færøysk har teke vare på fleire norrøne trekk enn dei andre. Døme på dette er nasale vokalar (til dømes buotję, 'boka'), bøying i fleire kasus (til dømes wardjin ietter Grobien nominativ 'Vargen heiter Gråbein', ig såg wardjin akkusativ 'eg såg vargen', ig djäv wardjem tjyöt dativ 'eg gjev vargen kjøt', wardjemes bien ir åv genitiv 'vargen sitt bein er av'), morfeminndeling med fire typar stavingar (dvs. eistavingsord, kortstavingsord, langstavingsord og overlangstavingsord; svensk har berre dei to stavingstypane einstavingsord og langstavingsord (norsk: morfem I og II)), mellom anna ð-konsonantsystem (tilsvarar tonande th i engelsk father, til dømes guoð 'god'), med meir. Elvdalsk har òg nye, sekundære tviljodar — noko som pla vera vanleg i svenske dialektar, og som framleis finst i mellom anna gotlandsk — som er:
Dessutan har den elvdalske treljoden iuo (frå eldre utona i + tona lang o, til dømes i biuoða av norrønt 'bjóða' (nynorsk 'byda')).
Elvdalsk har til ein viss grad vore eit skriftspråk i over 1000 år, for det finst elvdalske runer som var i bruk heilt fram til byrjinga av 1900-talet.[7] Dei elvdalske runene skil seg noko frå runene som vart nytta på norrøn tid – som gjekk ut av bruk på 1400-talet – noko som tyder på at dei vart tilpassa endringane i språket.
I 1956 forsvara Stig Björklund ein doktorgrad om elvdalsk.[8]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.