Singularis eller eintal er eit grammatisk trekk i kategorien numerus. Det er det umarkerte trekket i kategorien, og viser typisk til eitt enkelt eksemplar. Substantiv, adjektiv, pronomen og i nokre høve verb kan ha eintalsformer.[1] I dei fleste språk er motsatsen til eintal fleirtal, eller pluralis. I visse språk finst også særskilde ordformer for total (dualis) og tretal (trialis).[2]
I tillegg til å uttrykke at ordet som står i singularis refererer til ein referent, kan det også uttrykkje generisk referanse. Setninga Bjørnen er eit pattedyr refererer til alle bjørnar, sjølv om substantivet står i singularis. I mange språk står også substantivet i singularis etter talord, dette gjeld t.d. alle tyrkiske og uralske språk. I tyrkisk tyder baş «hovud», başlar er fleirtalsforma, men «fem hovud» er beş baş i singularis, ikkje i pluralis.
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.