Eit pund er ei eining for mål av masse som har gått ut av bruk i Noreg, men framleis er i bruk i USA og Storbritannia. Ordet pund kjem frå det latinske pondus som tyder vekt.
- Dette er ein artikkel for masseeininga pund. Pund kan også vere ein eining for pengar, sjå til dømes Britisk pund eller Isle of Man-pund
- Nemninga pund er òg brukt om bismarpund
Skandinavisk pund
Noreg fekk felles mål- og vektsystem med Danmark ved forordning i 1683. I lov av 28. juli 1824 vart eit norsk handelspund definert som vekta av 1/62 kubikkfot vatn.
I 1875 vart det norske pundet fastsett til 498 gram. Det svenske pundet var berre 425 gram og vart ofte kalla skålpund. Det er til tider forvirrande at ordet pund også vart brukt om bismarpund - det gjekk 12 skålpund på eit bismarpund.
Eininga er i Det nye testamentet bruka både som måleining for masse[1] og som pengeeining.[2]
Pundet i ulike land
Oppdeling
- Eit pund var to merker
- ei mark var 16 lodd
- Eit lodd var fire kvintin
- ein kvintin var fire ort
- ein ort var 16 æs
- ein æs var 16 grann
Eit pund som pengevekt eller som medisinvekt hadde anna vekt enn eit vanleg pund.
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.