norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Egil Olsen (23. juli 1948–27. juni 2018) var ein norsk fotballspelar frå Drammen. Han var midtbanespelar på Strømsgodset-laget som i 1969 sigra i NM-finalen og som året etter vann både seriemeisterskapen og noregsmeisterskapen. Olsen fekk i 1970–71 landskampar for Noreg.
Egil Olsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. juli 1948 Drammen kommune |
Død | 27. juni 2018 (69 år) Rælingen kommune |
Idrett | fotball |
Olsen spelte i 1965 og 1966 på IF Sparta, eit lag frå Lierstranda, i 5. divisjon. Han utmerkte seg elles på det norske juniorlandslaget og var frå 1967 aktiv i det nyopprykte toppserielaget Strømsgodset IF. 2. november 1969 skåra han det fyrste målet då laget frå Drammen vann finale-omkampen i Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1969 mot Fredrikstad FK med 5 mål mot 3. Året etter bidrog han til at Strømsgodset gjekk til topps i 1. divisjon og slo Lyn med 4–2 i cupfinalen. Sesongane 1972 og 1973 var Olsen Skeid-spelar, eit lag midt på 1. divisjons-tabellen. Deretter var han atter Strømsgodset-spelar i 1974 og 1975, før han til sist var i sjå i Oslo BK si drakt i ein av dei lågaste divisjonane i seriesystemet.
20. juli 1970 fekk Olsen sin landslagsdebut for Noreg. Saman med klubbkameratane Tor Alsaker-Nøstdahl og Steinar Pettersen var han i Reykjavik med på å vinne 2–0 over Island. Haustsesongen 1971 spelte Olsen tre til landskampar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.