Eggleiar (medisinsk latin tuba uterina, gresk salpinx uterina) er eit smal røyr som bind saman eggstokk og livmor hjå hopattedru. Hjå kvinner er eggleiarar ca. 0,5 cm i diameter og ca. 7-15 cm lange. Eggleiarar har 3 lag, mucosa (slimhinne), Muscularis externa (musklar) og serosa (ei tynn hinne danna av epitelceller som er del av bukhinna).

Thumb
Skisse av dei kvinnelege kjønnsorgana

Eggleiarar blei først skildra medisinsk av den italienske legen Gabriele Falloppio (1523–1562). Dette har gjeve dei det tidlegare medisinske namnet tuba Falloppii[1] og det engelske namnet Fallopian tubes.

Det er vanlegvis i eggleiaren at befruktinga føregår. Under eggløysinga går eitt eller stundom fleire mogne egg frå eggstokken, gjennom eggleiaren til livmora. Om eit egg blir befrukta, vil det bli verande i eggleiaren i rundt 3 dagar før det går vidare til livmoren der svangerskapet kan fortsetja. Om egget blir sitjande fast i eggleiaren og ikkje kjem seg ned i livmora blir det kalla eit ektopisk svangerskap (eller svangerskap utanfor livmora.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.