From Wikipedia, the free encyclopedia
Echo er det tiande studioalbumet til Tom Petty and the Heartbreakers. Det vart gjeve ut i april 1999 og nådde tiandeplassen på Billboard 200 med hjelp av singlane «Free Girl Now», «Swingin'» og «Room At the Top", som nådde høvesvis 5., 17. og 19. plassen på Billboard si Mainstream Rock Tracks-liste i 1999. Albumet var det siste samarbeidet deira med produsenten Rick Rubin, og det siste med bassisten og korvokalisten Howie Epstein, som døydde av heroinoverdose i 2003. Echo selde til gullplate i USA i juli 1999, berre tre månader etter detk om ut. Echo er det einaste Heartbreakers-albumet med solovokal frå eit anna bandmedlem: Mike Campbell på «I Don't Wanna Fight». Eit opptak kalla «Sweet William» vart gjeven ut som B-sida til singelen «Room at the Top».
Echo Studioalbum av Tom Petty and the Heartbreakers | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. april 1999 | |
Innspelt | 1997–98 | |
Sjanger | Heartland rock | |
Lengd | 62:06 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Rick Rubin, Tom Petty, Mike Campbell | |
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi | ||
---|---|---|
Songs and Music from «She's the One» (1996) |
Echo | Anthology: Through the Years (2000)
|
Berre somme songar vart spelt på turneen til bandet det året. Plata vart i stor grad skriven medan Petty gjekk gjennom ein smertefull skilsmisse (som påverka teksten på songar som «Lonesome Sundown» og tittelsporet), og Petty har sagt at dette var årsaka til at han ikkje ønskte å spele songane på konsertar. «Room at the Top», «Free Girl Now» og «I Don't Wanna Fight» er likevel med på konsertfilmen High Grass Dogs: Live at the Fillmore og ein versjon av «Billy the Kid» er med på The Live Anthology.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Room at the Top» | 5:00 |
2. | «Counting on You» | 4:05 |
3. | «Free Girl Now» | 3:30 |
4. | «Lonesome Sundown» | 4:32 |
5. | «Swingin'» | 5:30 |
6. | «Accused of Love» | 2:45 |
7. | «Echo» | 6:36 |
8. | «Won't Last Long» | 4:22 |
9. | «Billy the Kid» | 4:08 |
10. | «I Don't Wanna Fight» (Mike Campbell) | 2:47 |
11. | «This One's for Me» | 2:42 |
12. | «No More» | 3:15 |
13. | «About to Give Out» | 3:12 |
14. | «Rhino Skin» | 3:57 |
15. | «One More Day, One More Night» | 5:37 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.