Don Quijote

From Wikipedia, the free encyclopedia

Don Quijote

Don Quijote (på eldre spansk også som Don Quixote), eller eigentleg El ingenioso hidalgo Don Quijote de la Mancha («Den skarpsindige lågadelsmannen Herr Quijote frå La Mancha»), er eit prosaverk av spanjolen Miguel de Cervantes Saavedra (1547–1616). Verket består av to delar utgitt i 1605 og 1615. Det er kanskje eit av dei viktigaste spanske verka nokon gong og la på mange måtar grunnlaget for ein moderne skrivemåte innan skjønnlitteraturen. Det blir ofte rekna som den første romanen i vestleg litteratur.

Kjappe fakta Forfattar(ar), Språk ...
Don Quijote
Don Quijote de la Mancha
Thumb
Forfattar(ar)Miguel de Cervantes Saavedra
Språkmellomspansk
SjangerRiddarroman, eventyrfiksjon, parodi, found manuscript
Utgjeven1605, 1615
ForlagFrancisco de Robles, Juan de la Cuesta
Lukk
Thumb
Eit av mange monument over Don Quijote er Lorenzo Coullaut Valera sin bronseskulptur av Don Quijote og Sancho Panza frå perioden 1925-1930. Desse er del av eit større monument over forfattaren CervantesPlaza de España i Madrid.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Don Quijote


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.