Remove ads
norsk gardbrukar, lærar og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Didrik Sigbjørnsen (6. januar 1785–6. mars 1881) var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og stortingsmann frå Lund i Rogaland.
Didrik Sigbjørnsen | |||
Fødd | 6. januar 1785 Lund kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 6. mars 1881 (96 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | lærar, bonde, politikar | ||
Barn | Elias Didrichsen | ||
Alle verv |
|
Han var son til ein lensmann og gardbrukar i Lund. Sjølv byrja han som skulehaldar i 1799. Tre år seinare, 1802, vart han tillegg kyrkjesongar, ei stilling han hadde til 1859. År 1808 kjøpte han garden Moi i Lund, og dreiv denne. Han kom i 1838 med i det fyrste heradsstyret i Lund, og var ordførar i åtte år. Elles var han forlikskommissær 1816-79 og valmann 1823-44.
Sigbjørnsen var stortingsmann i 1824, 1830, 1833 og 1839. Han var i 1824 medlem av kyrkjekomiteen og om komiteen om innløysinga av riksbanksetlane. I 1830 og 1833 var han medlem av kyrkjekomiteen og komiteen om kjøpstadskatten. Attåt dette kom at han i 1833 var han medlem av valkomiteen. I 1839 var han medlem av tollkomiteen.
Tildelt borgardådsmedaljen i sølv.
Han døydde på garden sin i Lund i 1881.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.