Didrik Arup Seip

From Wikipedia, the free encyclopedia

Didrik Arup Seip

Didrik Arup Seip (31. august 18843. mai 1963) var ein norsk språkforskar frå Hobøl. Han vart dr. philos. i 1916, og var professor i riksmål (seinare kalla nordisk språkvitskap) ved Universitetet i Oslo frå 1916 til 1954. Her var han òg rektor frå 1937 til han vart avsett av okkupasjonsstyresmaktene i 1941.

Seip var sentral i språkdebatten, blant anna i organisasjonen Østlandsk reisning som ved å byggje på dei austnorske dialektane ville utvikle ei samnorsk rettskrivingsnorm. Han var medlem av rettskrivingskommisjonen av 1916 og formann i Norsk språknemnd frå 1952 til 1955.

Saman med Francis Bull og Halvdan Koht gav han ut den første vitskapelege utgåva av Henrik Ibsen sine skrifter, den såkalla Hundreårsutgaven. Med Henrik Jæger utgav han ei fullstendig utgåve av Henrik Wergeland sine skrifter, og i 1934 og 1935 gav han ut to tekstkritiske samlingar Viser og Rim av Petter Dass.

Seip vart utnemnd til universitetsrektor i 1937. Etter okkupasjonen i 1940 vart han medlem av Administrasjonsrådet, ei mellombels regjering for Noreg. I 1941 vart Seip avsett frå rektorstillinga ved universitetet og arrestert. Han var internert på Grini og vart våren 1942 send til konsentrasjonsleir i Sachsenhausen, der han sat eit halvt år inntil han vart sivilinternert. Som fri fange gjorde han i sluttfasen av krigen ein stor innsats for å spore opp og hjelpe skandinaviske fangar i Tyskland.

Om opplevingane under krigen skreiv Seip i boka Hjemme og i fiendeland (1946).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  • Tuneld, John, Didrik Arup Seip : en bibliografi / ved John Tuneld ; med inledning av Trygve Knudsen ; utg. av Bymålslaget. Oslo : Norske Samlaget, 1981.
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.