From Wikipedia, the free encyclopedia
Det kimer nu til julefest er ein julesong skriven av N.F.S. Grundtvig i 1817, på grunnlag av Martin Luthers julesalme «VOm himmel hoch da komm ich her». I Noreg vert salmen ofast sungen til ein tone frå 1850 av C.C.N Balle.
Salmen vart fyrste gong trykt i Nyeste Skilderie af Kjøbenhavn 23. desember 1817, som «M. Luthers Julesalme frit fordansket». Luthers originaltekst har 15 vers. Grundtvigs versjon vert nokre gonger trykt med 24 vers, eitt for kvar dag i adventa. I danske salmebøker er salmen korta ned til ni vers. I Norsk salmebok er Grundtvigs versjon teken inn med sju vers.
Elias Blix har gjendikta Luthersalmen i ein meir teksttru versjon, den er står i Nynorsk salmebok på nr 88 (Frå høge himmel kjem eg her), jf. Landstads tilsvarande atttdikting Fra Himlen høit jeg kommer her (Landstads kirkesalmebog nr 129). Christian Rynning og Per Lønning har seinare omsett han på nytt, som «Frå høge himmel kjem eg ned».
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.