Det brazzavillekongolesiske flagget
From Wikipedia, the free encyclopedia
Flagget til Kongo-Brazzaville vart først tatt i bruk den 18. august 1958. I 1970 vart flaget forkasta, men tatt i bruk att den 10. juni 1991. Fargane er dei tradisjonelle panafrikanske som opphavleg kom frå det etiopiske flagget. Skråstripene går oppover mot høgre, og den gule stripa i midten er smalare enn den grønne øvst og den raude nedst. Grønt symboliserer naturen, gult naturrikdomane og raudt symboliserer blodet til menneska.



I perioden 1970–1991, då landet gjekk under namnet Folkerepublikken Kongo, vart det opphavlege nasjonalflagget erstatta av eit meir kommunistisk inspirert flagg: Heilraud flaggduk med statsemblemet i kantonen. Statsemblemet var samansett av tradisjonelle element frå sosialistisk emblematikk: Krosslagt hammar og hakke kombinert med den kommunistiske stjerna, det heile innramma av palmegreiner, eit lokalt innslag.
Kjelder
- Wikipedia på engelsk, den 22.01.2007
- Wikipedia på riksmål/bokmål, den 22.01.2007
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.