Treløparar , Dendrocolaptinae, utgjer ein biologisk underfamilie av sporvefuglar endemiske for den neotropiske regionen . Dei har tradisjonelt vore sett på som ein distinkt familie Dendrocolaptidae, men dei fleste autoritetar vil no plassere dei som ein underfamilie av omnfuglar , Furnariidae. Overflatisk liknar dei trekryparar i «den gamle verda», men dei er urelaterte og likskapane skuldast konvergerande evolusjon . Denne underfamilien inneheld rundt 57 artar i 15-20 slekter .
Treløparar varierer mellom 14 og 35 centimeter i lengd[1] . Generelt er dei brunaktige fuglar , treløparar held seg i ei oppreist vertikal stilling på trestammen, støtta av den stive halen sin.
Dei lever hovudsakleg av insekt som dei plukkar frå trestammar. Men treløparar er ofte ein del av kjernegruppa i sentrum av flokkar som møter maursvermar. Treløparar lever i tre og hekkar i holrom; dei legg 2-3 kvite egg som blir ruga i ca. 15 til 21 dagar[1] .
Desse fuglane kan vere vanskeleg å identifisere ved at alle artar har ein tendens til å ha liknande brun overside. Den meir karakteristiske undersida er vanskeleg å sjå på ein fugl som trykker ned mot ein trestamme i skugge. Form og lengd på nebbet , utsjånad av flekker og striper, samt lydytringar, er nyttige hjelpemiddel for å bestemme arten.
Småtreløpar , Xiphorhynchus fuscus Foto: Dario Sanches
Elfenbeinstreløpar , Xiphorhynchus flavigaster Foto: Steve Garvie
Dendrocincla turdina , eng: Plain-winged WoodcreeperFoto: Dario Sanches
Kakaotreløpar , Xiphorhynchus susurrans Foto: Jerry Oldenettel
Kilenebbtreløpar , Glyphorynchus spirurus Foto: Michael Woodruff
Langnebbtreløpar , Nasica longirostris Foto: Hector Botta
Stortreløpar , Xiphocolaptes major Foto: Hector Botta
Brunbukmeiskrypar , Xenops minutus Foto: Andres Cuervo
Treløparar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler :[3]
Slekt Certhiasomus
Flekkstrupetreløpar , Certhiasomus stictolaemus , Spot-throated Woodcreeper, Pelzeln, 1868, (LC)
Slekt Sittasomus
Gråhovudtreløpar , Sittasomus griseicapillus , Olivaceous Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC)
Slekt Deconychura
Langhaletreløpar , Deconychura longicauda , Long-tailed Woodcreeper, Pelzeln, 1868, (LC)
Slekt Dendrocincla
Tyranntreløpar , Dendrocincla tyrannina , Tyrannine Woodcreeper, Lafresnaye, 1851, (LC)
Kvithaketreløpar , Dendrocincla merula , White-chinned Woodcreeper, Lichtenstein, MHK, 1820, (LC)
Rusttreløpar , Dendrocincla homochroa , Ruddy Woodcreeper, Sclater, PL, 1860, (LC)
Okervengtreløpar , Dendrocincla anabatina , Tawny-winged Woodcreeper, Sclater, PL, 1859, (LC)
Sepiatreløpar , Dendrocincla fuliginosa , Plain-brown Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC)
Trastetreløpar , Dendrocincla turdina , Plain-winged Woodcreeper, Lichtenstein, MHK, 1820, (LC)
Slekt Glyphorynchus
Kilenebbtreløpar , Glyphorynchus spirurus , Wedge-billed Woodcreeper, Vieillot, 1819, (LC)
Slekt Dendrexetastes
Bleiknebbtreløpar , Dendrexetastes rufigula , Cinnamon-throated Woodcreeper, Lesson, R, 1844, (LC)
Slekt Nasica
Langnebbtreløpar , Nasica longirostris , Long-billed Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC)
Slekt Dendrocolaptes
Nordvatretreløpar , Dendrocolaptes sanctithomae , Northern Barred-Woodcreeper, Lafresnaye, 1852, (LC)
Amazonvatretreløpar , Dendrocolaptes certhia , Amazonian Barred-Woodcreeper, Boddaert, 1783, (LC)
Strekbuktreløpar , Dendrocolaptes picumnus , Black-banded Woodcreeper, Lichtenstein, MHK, 1820, (LC)
Rustkronetreløpar , Dendrocolaptes hoffmannsi , Hoffmanns's Woodcreeper, Hellmayr, 1909, (VU)
Planaltotreløpar , Dendrocolaptes platyrostris , Planalto Woodcreeper, von Spix, 1824, (LC)
Slekt Hylexetastes
Vatrebuktreløpar , Hylexetastes stresemanni , Bar-bellied Woodcreeper, Snethlage, E, 1925, (LC)
Raudnebbtreløpar , Hylexetastes perrotii , Red-billed Woodcreeper, Lafresnaye, 1844, (LC)
Slekt Xiphocolaptes
Meiseltreløpar , Xiphocolaptes promeropirhynchus , Strong-billed Woodcreeper, Lesson, R, 1840, (LC)
Caatingatreløpar , Xiphocolaptes falcirostris , Moustached Woodcreeper, von Spix, 1824, (VU)
Kvitstrupetreløpar , Xiphocolaptes albicollis , White-throated Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC)
Stortreløpar , Xiphocolaptes major , Great Rufous Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC)
Slekt Xiphorhynchus
Stripetreløpar , Xiphorhynchus obsoletus , Striped Woodcreeper, Lichtenstein, MHK, 1820, (LC)
Småtreløpar , Xiphorhynchus fuscus , Lesser Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC)
Guyanatreløpar , Xiphorhynchus pardalotus , Chestnut-rumped Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC)
Dråpetreløpar , Xiphorhynchus ocellatus , Ocellated Woodcreeper, von Spix, 1824, (LC)
Selvastreløpar , Xiphorhynchus elegans , Elegant Woodcreeper, Pelzeln, 1868, (LC)
Plettreløpar , Xiphorhynchus spixii , Spix's Woodcreeper, Lesson, R, 1830, (LC)
Kakaotreløpar , Xiphorhynchus susurrans , Cocoa Woodcreeper, Jardine, 1847, (LC)
Kremstrupetreløpar , Xiphorhynchus guttatus , Buff-throated Woodcreeper, Lichtenstein, MHK, 1820, (LC)
Elfenbeinstreløpar , Xiphorhynchus flavigaster , Ivory-billed Woodcreeper, Swainson, 1827, (LC)
Perletreløpar , Xiphorhynchus lachrymosus , Black-striped Woodcreeper, Lawrence, 1862, (LC)
Flekktreløpar , Xiphorhynchus erythropygius , Spotted Woodcreeper, Sclater, PL, 1860, (LC)
Olivenryggtreløpar , Xiphorhynchus triangularis , Olive-backed Woodcreeper, Lafresnaye, 1842, (LC)
Slekt Dendroplex
Sylnebbtreløpar , Dendroplex picus , Straight-billed Woodcreeper, Gmelin, JF, 1788, (LC)
Varzeatreløpar , Dendroplex kienerii , Zimmer's Woodcreeper, Des Murs, 1856, (NT)
Slekt Campylorhamphus
Raudbogetreløpar , Campylorhamphus trochilirostris , Red-billed Scythebill, Lichtenstein, MHK, 1820, (LC)
Svartbogetreløpar , Campylorhamphus falcularius , Black-billed Scythebill, Vieillot, 1822, (LC)
Amazonbogetreløpar , Campylorhamphus procurvoides , Curve-billed Scythebill, Lafresnaye, 1850, (LC)
Brunbogetreløpar , Campylorhamphus pusillus , Brown-billed Scythebill, Sclater, PL, 1860, (LC)
Slekt Drymotoxeres
Storbogetreløpar , Drymotoxeres pucheranii , Greater Scythebill, Lafresnaye, 1849, (NT)
Slekt Drymornis
Sabeltreløpar , Drymornis bridgesii , Scimitar-billed Woodcreeper, Eyton, 1849, (LC)
Slekt Lepidocolaptes
Stripehovudtreløpar , Lepidocolaptes souleyetii , Streak-headed Woodcreeper, Lafresnaye, 1849, (LC)
Kvitbryntreløpar , Lepidocolaptes angustirostris , Narrow-billed Woodcreeper, Vieillot, 1818, (LC)
Marmortreløpar , Lepidocolaptes leucogaster , White-striped Woodcreeper, Swainson, 1827, (LC)
Prikkronetreløpar , Lepidocolaptes affinis , Spot-crowned Woodcreeper, Lafresnaye, 1839, (LC)
Tåretreløpar , Lepidocolaptes lacrymiger , Montane Woodcreeper, Lafresnaye, 1849, (LC)
Skjeltreløpar , Lepidocolaptes squamatus , Scaled Woodcreeper, Lichtenstein, MHK, 1822, (LC)
Paranátreløpar , Lepidocolaptes falcinellus , Scalloped Woodcreeper, Cabanis & Heine, 1860, (LC)
Duidatreløpar , Lepidocolaptes duidae , Duida Woodcreeper, Zimmer, JT, 1934, (LC)
Linjetreløpar , Lepidocolaptes albolineatus , Guianan Woodcreeper, Lafresnaye, 1846, (LC)
Inambaritreløpar , Lepidocolaptes fatimalimae , Inambari Woodcreeper, Rodrigues, Aleixo, Whittaker & Naka, 2013, (LC)
Rondoniatreløpar , Lepidocolaptes fuscicapillus , Rondonia Woodcreeper, Pelzeln, 1868, (LC)
Parátreløpar , Lepidocolaptes layardi , Layard's WoodcreeperSclater, PL, 1873
Slekt Xenops
Smalnebbmeiskrypar , Xenops tenuirostris , Slender-billed Xenops, Pelzeln, 1859, (LC)
Brunbukmeiskrypar , Xenops minutus , Plain Xenops, Sparrman, 1788, (LC)
Stripemeiskrypar , Xenops rutilans , Streaked Xenops, Temminck, 1821, (LC)
Andre liknande fuglar
Ikkje-nærskylde fuglar som liknar treløparar i utsjånad og eller levevis er:
Referansar
Willis, Edwin O. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds . London: Merehurst Press. s. 163. ISBN 1-85391-186-0 .
Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV) , Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)