Den skandinaviske halvøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den skandinaviske halvøya er landområdet mellom Nordsjøen og Norskehavet på den eine sida og Austersjøen og Bottenvika på den andre. Den omfattar det meste av Noreg og Sverige. Til Skandinavia høyrer Den skandinaviske halvøya og Danmark. Den skandinaviske halvøya høyrer saman med Finland og Kolahalvøya til Fennoskandia.[1][2]
Det sørlegaste punktet på halvøya er Smygehuk i Skåne medan det nordlegaste er Kinnarodden (fastlandet) eller Knivskjellodden (om ein reknar med øyar og skjer) i Finnmark.
Halvøya strekker seg over 15 breiddegradar med store forskjellar i klima og natur. Den skandinaviske halvøya har to skoggrenser: den polare som viser kor langt mot nord ulike treslag veks, og den alpine som viser kort høgt over havet det er skog. Typisk for dette området er at bjørk veks lengst mot nord og høgast over havet, ikkje barskog som er vanleg andre stader. Ingen andre stadar veks det furu så langt mot nord som i Pasvikdalen.[3] Dei skandinaviske fjella går langs halvøya i sør-nord-retninga som eit samanhengande høgt og breiddt fjelldrag på den vestvendte delen av halvøya. Fjella avtar gradvis mot Austersjøen og Bottenvika. I nord blir fjellkjeda kalla Kjølen, i midten Dovrefjell og i sør Langfjella.[4]
Namnet på halvøya kjem frå det latinske Skandinavia, av det urnordiske ordet Skadinaujo, som svarer til det moderne namnet Skåne.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.