From Wikipedia, the free encyclopedia
Den saharawiske arabiske demokratiske republikken (SADR) (arabisk: الجمهورية العربية الصحراوية الديمقراطية) vart grunnlagt 27. februar 1976 i Bir Lehlou av Polisario. SADR har i dag råderett over det austlege Vest-Sahara, omtrent ein tredel av det territorielle kravet sitt. Statsoverhovudet til republikken er president Brahim Ghali. Hovudstaden er El Aaiún, men Bir Lehlou i dei Polisario-kontrollerte områda fungerer som mellombels hovudstad sidan El Aaiún er okkupert av Marokko. Tindouf-leirane i Algerie er de facto hovudstad.
Republikken vart erklært dagen etter at kolonimakta Spania offisielt trekte seg ut av territoriet. I realiteten hadde Spania overlate området til Marokko og Mauritania då dei invaderte landet i slutten av oktober 1975. I krigen mellom SADR og Marokko/Mauritania vart Mauritania slått i 1979. Saharawiske styrkar hadde tatt store delar av Mauritania og sto utanfor hovudstaden Nouakchott. Regjeringa vart tvinga til å gå av og Mauritania anerkjente SADR og gav avkall på alle krav på Vest-Sahara.
Republikken er offisielt anerkjent av 41 land verda over, men har ulike relasjonar med fleire og er fullverdig medlem av Den afrikanske unionen. USA og Dei sameina nasjonar har ikkje anerkjent republikken. Jugoslavia var einaste europeiske land til å anerkjenna SADR. SADRs næraste allierte er Algerie og Sør-Afrika.
SADR har i tillegg til ambassadar i land dei har fulle diplomatiske band med, representantar i ei rekke land i verda. Brahim Mojtar er representant for Noreg, Sverige og Finland, med base i Stockholm.
Date | Name | Hending / merknad |
---|---|---|
27. februar | Uavhengighetsdag | Fråsegn av SADR i Bir Lehlou, 1976 |
10. mai | Etablering av Polisario | Etablert 1973.॥॥73. |
20. mai | 20. mai-revolusjonen | Starten på væpna motstand mot Spania i 1973 |
5. juni | Dagen for dei forsvunne | Til minne om forsvunne saharawier |
9. juni | Martyrdagen | Dødsdatoen til El-Ouali Mustapha Sayed i 1976 |
17. juni | Zemla Intifada | Harakat Tahrir opprør i El Aaiún, 1970 |
12. oktober | Dag for nasjonal eining | Feiring av Ain Ben Tili-konferansen, 1975 |
Noreg har ikkje anerkjent republikken, men mange av ungdomspartia og nokon av partia i Noreg har i 2007 og 2008 vedtatt at dei ønsker anerkjenning:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.