From Wikipedia, the free encyclopedia
Den pytagoreiske læresetninga eller Pytagoras’ læresetning er ei grunnleggjande læresetning innan euklidsk geometri og viser til sambandet mellom lengda til sidene i ein rettvinkla trekant. Setninga kan uttrykkast slik:
«I ein rettvinkla trekant er summen av kvadrata til katetane lik kvadratet til hypotenusen.»
Dette kan uttrykkast med likninga:
der a og b er lengda av katetane, eller sidene som utgjer den rette vinkelen, og c er lengda av hypotenusen.
Den pytagoreiske læresetninga har namnet sitt etter den greske matematikaren Pytagoras som har vore rekna som den som oppdaga og beviste setninga.[1] Dette er ikkje nødvendigvis rett; både i Babylon og India verker det som om dei kjende innhaldet i setninga lenge før Pytagoras. Ein har likevel ikkje kunna påvisa at dei beviste teoremet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.