Maudheimekspedisjonen (òg kalla Den norsk-britisk-svenske antarktisekspedisjon, forkorta NBSX eller NBSAE) var namnet på ein norsk-britisk-svensk ekspedisjon til Antarktis under leiing av John Giæver i perioden 1949-1952. Ekspedisjonen vart finansiert og organisert av ein komité av britiske, svenske og norske ekspertar, med professor Harald Ulrik Sverdrup som formann og var den første verkelege internasjonale vitskaplege ekspedisjonen til Antarktis.[1] Store delar av det vestlege Dronning Maud Land vart kartlagt og ekspedisjonen vart ein modell for seinare ekspedisjonar til Antarktis.

Namnet på ekspedisjonen kjem frå overvintringsstasjonen Maudheim (71°03'S, 10°55'V) som vart oppretta i samband med ekspedisjonen. Fleire depot og hytter for overnatting og oppbevaring av utstyr vart reist. Frå desse basane vart det gjort utalde turar, den lengste varte i åtti dagar. Tre av ekspedisjonsmedlemmene omkom 24. februar 1951 då dei under ein testtur med ein overhalt Weasel vart overraska av tåke. Køyretøyet hamna i vatnet då dei for seint oppdaga at over hundre meter av isbremmen hadde kalva. Berre fotografen Stig Hallgren overlevde ulukka, då han etter 13 timar drivande på eit isflak vart redda av kollegaene sine.[2]

Alle ekspedisjonsmedlemmane mottok Maudheimmedaljen.

Ekspedisjonsmedlemmane

Meir informasjon Namn, Funksjon ...
NamnFunksjonNasjonalitetMerknader
John GiæverEkspedisjonsleiar frå Norsk Polarinstitutt Noreg
Valter SchyttGlasiolog og nestkommanderande Sverige
Gordon de Quetteville RobinFysikar Australia
Nils Jørgen SchumacherMeteorolog Noreg
Ernest Frederick RootsGeolog Canada
Ove WilsonLege Sverige
Gösta H. LiljequistMeteorolog Sverige
Nils RoerTopograf Noreg
Alan ReeceGeologisk assistent Storbritannia
Charles SwithinbankGlasiologisk assistent Storbritannia
Egil RogstadRadiosjef Noreg
Bertil EkströmMekanikar SverigeOmkom 24. februar 1951
Peter MellebyMekanikar og hundekøyrar Noreg
Leslie QuarRadiomann StorbritanniaOmkom 24. februar 1951
John SnarbyStuert NoregAvreiste januar 1951
John JelbartFysikar AustraliaKom januar 1951. Omkom 24. februar 1951
Stig HallgrenFotograf SverigeKom januar 1951
Bjarne LorentzenStuert NoregKom januar 1951
Lukk

Sjå òg

Kjelder

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.