Den finske riksdagen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den finske riksdagen

Den finske riksdagen (finsk eduskunta) er parlamentet i Finland. Riksdagen har eitt kammer, og 200 representantar.

Kjappe fakta Skipa, Land ...
Den finske riksdagen
Thumb
Thumb
Skipa9. mai 1906
LandFinland
StyreleiarAnu Vehviläinen (9. juni 2020)
Nettstadhttps://www.eduskunta.fi/ (finsk)
Lukk
Thumb
Riksdagsbygningen.

Historie

I 1809 vart Finland teke frå Sverige av Russland. Same året kalla tsar Alexander I av Russland, som no òg var storfyrste av Finland, inn til ein lantdag i Borgå. Lantdagen var ei stenderforsamling, med utgangspunkt i dei svenske vedtektene om Sveriges ståndsriksdag, fordi keisaren hadde lova at gamal svensk rett skulle gjelda i Finland inntil vidare.

Frå og med Lantdagsordninga frå 1906 vart det innført lik og allmenn stemmerett i landet. Finland vart såleis det fyrste landet i Europa med allmenn stemmerett for kvinner. Stenderforsamlinga vart gjort om til ei forsamling med eitt kammer.

Det noverande Riksdagshuset vart teke i bruk i 1931.

Talsmannen for Riksdagen (finsk eduskunnan puhemies), tilsvarande stortingspresident i Noreg, har sidan juni 2019 vore Matti Vanhanen.

Mandatfordeling

Meir informasjon Parti ...
Mandatfordelinga i den finske Riksdagen etter vala 1966–2011
Parti 1966197019721975197919831987199119951999200320072011 2015 2019
Sosialdemokratane (SDP) 55525554525756486351534542 34 40
Samlingspartiet (Kok.) 26373435474453403946405044 37 38
Centern i Finland (Kesk.) 49363539363840554448555135 49 31
Venstreforbundet (VL) 41363740352620192220191714 12 16
Svenska folkpartiet (SFP) 11119991012111111899 9 9
Finlands landsbygdsparti (FLP) 1181827179710000 0 0
Kristelegdemokratane (KD) 01499358710776 5 5
Det liberale folkepartiet (LFP) 9879400100000 0 0
Arbeidar- og småbrukar-forbundet 7000000000000 0 0
Dei Grøne (Vihr.) 000000410911141510 15 20
Sannfinnane (Perus.) 00000000013539 38 39
Ålands-representanten 1111111111111 1 0
Andre 0002040031000 0 1
Totalt 200200200200200200200200200200200200200 200 200
Lukk
Kjelde: Statistikcentralen Finland

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Den finske riksdagen


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.