From Wikipedia, the free encyclopedia
Democraten 66 (D66), på norsk Demokratar 66, er eit sosialliberalt politisk parti i Nederland. Partiet er eit systerparti av Venstre i Noreg, og er medlem i Den liberale internasjonale. Partiet vart stifta i 1966. Leiaren sidan 2006 heiter Alexander Pechtold.
Democraten 66 | |||
| |||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Victor Everhardt[1] | ||
Grunnleggjarar | Hans van Mierlo | ||
Grunnlagt | 14. oktober 1966 | ||
Hovudkvarter | Haag | ||
Medlemstal | 29 624 (1. januar 2024)[2] | ||
Ideologi | liberalisme, Sosialliberalisme, progressivisme | ||
Politisk posisjon | sentrisme |
D66 har tatt del i fleire koalisjonsregjeringar, seinast regjeringa til Jan Peter Balkenende. Partiet trekte seg frå koalisjonen i juni 2006 og tvinga dermed fram eit nyval. Valresultatet vart det dårlegaste for D66 nokonsinne, det fekk 2,0 % av røystene og 3 representantar i nasjonalforsamlinga (av 150).
Partiet sjølv seier at det sentrale temaet deira er «individuell fridom, sosialt engasjement, like rettar og ytringsfridom. D66 siktar mot eit demokratisk, berekraftig og ope samfunn der individuell fridom, kopla med sosial samanheng, er norma.»[3]
Ungdomsrørsla til D66 heiter Jonge Democraten.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.