From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei vestlege Ghatfjella (engelsk Western Ghats) eller Sahyadrifjella er ei fjellkjede som ligg langs den vestlege kysten av India. Fjellkjeda går nord-sør langs vestsida av Deccanplatået og skil det frå ei smal kystslette ved Arabiahavet. Ho er rundt 1600 km lang.
Nordenden av Dei vestlege Ghatfjella ligg nær delstatsgrensa mellom Gujarat og Maharashtra, sør for elva Tapti. Fjellkjeda går gjennom Maharashtra, Goa, Karnataka, Tamil Nadu og Kerala før ho endar ved sørspissen av India i Kanyakumari.
Ordet «ghat» betyr trappetrinn. Ei tilsvarande fjellkjede, Dei austlege Ghatfjella, ligg aust i India.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.