Remove ads
norsk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
David Monrad Johansen (8. november 1888–20. februar 1974) var ein norsk komponist.
David Monrad Johansen | |||
| |||
Fødd | 8. november 1888 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Mosjøen | ||
Død | 20. februar 1974 (85 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist, pianist, musikkritikar, musicographer, redaktør | ||
Born | Johan Kvandal |
Johansen vart fødd i Mosjøen i Nordland. Etter å ha mist faren og to sysken i sjukdom flytte han i 1904 med mora og dei andre syskena til Oslo. Der tok han i 1905 til å studere musikk ved Oslo musikkonservatorium hjå Karl Nissen, Catharinus Elling og Iver Holter. I 1912 gav han ut sin første komposisjon, Kvern-slaatt. I åra 1915-16 studerte han i Berlin, der han blant andre studerte under Engelbert Humperdinck. I åra 1925-45 arbeidde han som musikkmeldar i Aftenposten. Samstundes var han formann i Tono. Monrad Johansen skreiv òg ein omfattande biografi om Edvard Grieg, utgjeven i 1932. Som medlem av Nasjonal Samling vart han dømd i landssvikoppgjeret i 1946.
Dei første komposisjonane høyrer klårt heime i den norske seinromantiske tradisjonen. Etter studietida i Berlin reiste han attende til Noreg, der han blant anna nytta tida til å studere dei franske impresjonistane. Våren 1920 reiste han fyrste gongen til Paris, der ballettruppen åt russaren Sergej Djagilev framførte verk av Igor Stravinskij i operaen. I føreordet til ei seinare utgåve av Syv sange frå 1921 skriv han: "Så overveldende var inntrykkene av denne kunst at da jeg vel var hjemme og skulle ta fatt på arbeidet igjen var det liksom det ikke ville lykkes". Løysinga var, som Stravinskij sjølv hadde gjort, å vende blikket attende. Han fekk augo opp for Magnus Brostrup Landstads Norske folkeviser frå 1853, og frå denne samlinga henta han tekstane til bl.a. Syv sange. I løpet av 1920-åra komponerte han fleire verk med tekster frå norrøn litteratur og norsk mellomalderlitteratur, blant dei mannskorverket Draumkvædet og Voluspaa for soli, kor og orkester.
Seinare fekk han interesse for sveitsaren Arthur Honeggers musikk og vart av landsmannen Fartein Valen rådd til å studere atonalt kontrapunkt. Han tok Valens råd, og kompletterte dette med vidare studium i klassisk kontrapunkt hjå Herman Grabner i Leipzig. Etter dette pensa han inn på ei meir neoklassisk retning, som han i sin eigenarta stil kombinerte med element frå impresjonisme og nyare polyfoni, samstundes som han heldt fast på nasjonale trekk. Eit døme på dette er orkesterverket Pan som han skreiv i høve Knut Hamsuns 80-årsdag i 1939.
David Monrad Johansen var far til komponisten Johan Kvandal.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.