Dave MacRae (fødd 2. april 1940) er ein newzealandsk klaverspelar, kjend innan jazz og for samarbeidet sitt med folk frå Canterbury scene.
Dave MacRae | |||
Fødd | 2. april 1940 (84 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Auckland, New Zealand | ||
Fødenamn | David Scott MacRae | ||
Opphav | New Zealand | ||
Aktiv | Sidan 1960-åra | ||
Sjanger | Jazzrock | ||
Instrument | piano, tangentinstrument | ||
Tilknytte artistar | Matching Mole, Nucleus, The Goodies | ||
Verka som | pianist, jazzmusikar |
MacRae arbeidde i Australia i 1960-åra som ein arrangør for Festival Records. Han flytta til USA i 1969 og spelte med eksperimentell grupper i Los Angeles, før han vart medlem av ensemblet til Buddy Rich i 1970. Han flytta til London i 1971, og arbeidde det året med jazzmusikarane Clark Terry, Chet Baker, Jon Hendricks og Gil Evans.
I 1971 var han ei kort stund i ei gruppe kalla Caparius før han vart med i Matching Mole, der han vart verande fram til 1972. I mars 1973 spelte han med gruppa til Ian Carr, Nucleus (albumet Labyrinth). Han spelte så i bandet til Elton Dean kalla Just Us, og så i WMWM og Giles Farnaby's Dream Band i 1973. Frå midten av 1970-åra konsentrerte han seg om sitt eige prosjekt, kalla Pacific Eardrum, som han leia med kona Joy Yates fram til 1979. Han fortsette å samarbeide med Canterbury-musikarar som Robert Wyatt, Mike Gibbs og Richard Sinclair gjennom 1970-åra.
I 1980-åra arbeidde MacRae ei kort stund med False Alarm og så i ei ny utgåve av Soft Machine i 1984. Han drog attende til Australia seinare det året og spelte i Sydney-området med Bernie McGann og Ronnie Scott.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.