From Wikipedia, the free encyclopedia
Dalasau er ein norsk kryssingssau som blei rekna som den mest utbreidde sauerasen i Noreg fram til nemninga Norsk Kvit Sau blei innført i 2000/2001.
Dalarasen blei ala fram i Hordaland rundt 1925 gjennom kryssing av spælsau og ulike engelske rasar (truleg sutherland, leicester og sjeviot).
Dalasau er ein storvokst og grovbygd sauetype som typisk veg 80-90 kilo (søyer). Sauen er kvit med kritkvite dekkhår på bein og hovud, men svart nase og klauvar. Han har store, svakt hengande øyre.
Sauen produserer mykje ull av middels kvalitet og har god kjøtfylde.
I 2006 var 6 % av dei registrerte søyene i Sauekontrollen dalasau, men ein del av dei registrerte dyra høyrer nok eigentleg til rasen Norsk Kvit Sau.
Før dette blei heile 43 % av dyra tilslutta Sauekontrollen rekna som dalasau.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.