From Wikipedia, the free encyclopedia
Dag Jørund Lønning (fødd 26. januar 1967) er ein norsk sosialantropolog med spesiell interesse for menneskeleg nyskaping. Lønning har utvikla kulturøkonomi som fagfelt og utviklingsstrategi i Noreg,[1] og er opphav til omgrepa «kulturelle landskap»[2] og «innlevingsøkonomi».[3]
Dag Jørund Lønning | |||
Fødd | 26. januar 1967 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | antropolog |
Lønning er frå Stord i Hordaland. Han har skrive ei rekkje artiklar og bøker om utviklinga i Midt-Austen, kulturøkonomi, kulturarv, nyskaping og bygdeutvikling.
Lønning er rektor og professor i nyskaping og bygdeutvikling ved Høgskulen for grøn utvikling på Jæren. Han har tidlegare vore seniorforskar ved Nordlandsforskning, forskar ved Christian Michelsens Institutt, fagleg leiar ved Telemarksforsking-Bø og direktør ved Norsk senter for bygdeforskning. Han tok doktorgraden (dr. philos.) i 2007 med avhandlinga Fridomen til å skapa. Alternative historier om nyskaping og bygdeutvikling.
Lønning er kåra til Årets landbruksbloggar 2014 og Årets bygdeprofil 2015 av Nationen sine leserar, og blei, som ein av veldig få forskarar, i desember 2015 plassert på Nationen og Bondebladet si liste over «dei 100 mektigaste i norsk landbruk».[4] I 2019 blei Lønning gjeven heidersprisen «Årets meitemark» av organisasjonen Økologisk Norge for arbeidet sitt for livet i matjorda og eit naturnært landbruk.[5]
(Utval)
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.