Døgnfluger (Ephemeroptera) er ei gruppe primitive flygande insekt som finst over heile verda. Ein finn dei som regel i nærleiken av ferskvatn, sidan nymfestadiet deira er heilt vasslevande.

Kjappe fakta
Døgnfluger
Thumb
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Orden: Døgnfluger Ephemeroptera
Hyatt & Arms, 1890
Lukk

Namnet sitt har døgnflugene fått fordi dei har så kort levetid på land. Sjølv om dei vasslevande nymfene ofte kan leva i godt over eitt år, lever dei kjønnsmogne vaksne individa berre mellom nokre få timar og nokre få dagar, avhengig av art.

Det er registrert om lag 2100 artar døgnfluger i heile verda, 44 av desse finst i Noreg[1]

Kjenneteikn

Døgnfluger er spinkle insekt som ein enklast kjenner att på dei tre (stundom to) lange haletrådene. Kroppslengda er frå 3 til 38 mm. Dei har oftast to par vengjer, kor det første alltid er lengst. Dei kan ikkje falda vengjene over kroppen, og heldt dei difor rett opp når dei sit og kviler.

Forbeina er særs forlenga hjå hannane, og vert nytta til å fanga hoa i flukt. Andre og tredje beinpar kan vera redusert; hjå hoer kan dette gjelda alle beina. Vaksne individ tek ikkje til seg føde, og gjer ikkje anna enn å formeira seg før dei døyr.

Nymfene er oftast sylinderforma eller avflata som ei tilpassing til straum. Dei har haletråder som dei vaksne, og ber i tillegg gjeller på bakkroppen. Desse syter for oksygentilgong til trakèsystemet.

Økologi

Døgnflugenymfer er mellom dei viktigaste virvellause dyra i rennande vatn, og finst òg hyppig i strandsona i innsjøar. Utbreiinga deira er, iallefall i Noreg, stort sett fastsett ut frå abiotiske miljøtilhøve som temperatur, botnsubstrat, vasskvalitet og straum. Ein har gjennom fauna-undersøkingar av døgnfluger kome fram til at fleire av dei er gode indikatorartar, særleg for surt vatn.

Fem artar er oppført på Norsk Raudliste 2006.[2]

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.