From Wikipedia, the free encyclopedia
Cupvinnarcupfinalen i fotball 1996 fann stad i Kong Baudouin-stadion i Brussel 8. mai 1996, framfor 37 500 tilskodarar. Paris Saint-Germain vann finalen, den 36. i sitt slag, med sluttsiffera 1-0 over Rapid Wien.
Midtstopparen Bruno N'Gotty på PSG skåra kampens på eit frispark 28 minuttar ut i fyrste omgang.
Pierluigi Pairetto frå Italia dømde kampen.
Paris Saint-Germain sitt vinnarlag var: Bernard Lama (kaptein), Patrick Colleter, Bruno N'Gotty, Paul Le Guen, Alain Roche, Laurent Fournier, Daniel Bravo, Raí Oliveira, Vincent Guérin, Youri Djorkaeff og Patrice Loko. Raí Oliveira vart skadd tidleg i kampen og bytta ut i det 12. minutt med Julio Dely Valdés. I det 77. minutt kom Francis Llacer inn på bana i staden for Fournier.
Rapid Wien mønstra: Michael Konsel (kaptein), Michael Hatz, Trifon Ivanov, Peter Schöttel, Peter Guggi, Dietmar Kühbauer, Andreas Heraf, Stephan Marasek, Peter Stöger, Christian Stumpf og Carsten Jancker. Stumpf måtte vike plass i pausa for Zoran Barisic.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.