Cupvinnarcupfinalen i fotball 1993
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Cupvinnarcupfinalen i fotball 1993 fann stad på Wembley stadion i London 12. mai 1993, framfor 37 393 tilskodarar. Italienske Parma FC vann finalen, den 33. i sitt slag, med siffera 3-1 over Royal Antwerp frå Antwerpen.
Parma-kapteinen Lorenzo Minotti sende laget i føringa i det 9. minutt etter hjørnespark. Allereie to minuttar seinare var laga likt att då Francis Severeyns skaut i mål etter å ha vorte spelt fri. Alessandro Melli heada Parma i føringa att etter ein halvtimes spel. Eit siste mål kom ved Stefano Cuoghi som i det 84. minuytt fastsette resultatet til 3-1.
Karl-Josef Assenmacher frå Tyskland dømde kampen.
Parma FC sitt vinnarlag var: Marco Ballotta, Antonio Benarrivo, Georges Grün, Lorenzo Minotti (kaptein), Luigi Apolloni, Alberto Di Chiara, Marco Osio, Daniele Zoratto, Stefano Cuoghi, Alessandro Melli og Tomas Brolin. Zoratto måtte gå av bana i det 26. minutt, inn kom Gabriele Pin. I det 75. minutt tok Fauzto Pizzi over for Osio.
Royal Anterp mønstra fylgjande mannskap: Stevan Stojanović, Wim Kiekens, Nico Broeckaert, Rudi Taeymans, Rudi Smidts (kaptein), Dragan Jakovljević, Ronny Van Rethy, Hans-Peter Lehnhoff, Didier Segers, Francis Severeyns, Alexandre Czerniatynski. Patrick Van Veirdeghem og Noureddine Moukrim kom innpå etter 50 og 81 minuttars spel, ut gjekk høvesvis Jakovljević og Segers.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.