From Wikipedia, the free encyclopedia
Cupvinnarcupfinalen i fotball 1992 fann stad på Estádio da Luz i Lisboa 6. mai 1992, framfor 16 000 tilskodarar. Werder Bremen vann finalen, den 32. i sitt slag, med siffera 2-0 over AS Monaco.
Klaus Allofs sende Werder opp i leiing 1-0 fem minuttar før pause. Wynton Rufer la på til 2-0 ti minuttar ut i den andre omgangen, fleire mål kom ikkje.
Pietro d'Elia frå Italia dømde kampen.
Werder Bremen sitt vinnarlag bestod av: Jürgen Rollmann, Thomas Wolter, Rune Bratseth, Ulrich Borowka, Manfred Bockenfeld, Dieter Eilts, Frank Neubarth, Miroslav Votava, Marco Bode, Wynton Rufer og Klaus Allofs.
Monaco mønstra mannskapet: Jean-Luc Ettori (kaptein), Roger Mendy, Luc Sonor, Emmanuel Petit, Patrick Valéry, Jérôme Gnako, Marcel Dib, Rui Barros, Gérald Passi, Youssouf Fofana og George Weah. Benjamin Clément og Youri Djorkaeff vart bytta inn etter 60. og 63. minuttar, ut gjekk Fofana og Petit.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.