Cupvinnarcupfinalen i fotball 1985 fann stad på Stadion Feijenoord i Rotterdam 15. mai 1985, framfor 38 500 tilskodarar. Everton FC frå Liverpool vann finalen, den 25. i sitt slag, med siffera 3-1 over Rapid Wien.

Kampen

Etter ein mållaus fyrsteomgang sende Andy Gray Everton i teten, eit kvarter seinare la Trevor Steven på til 2-0. Midtspissen til Rapid, Hans Krankl, reduserte til 1-2, før Kevin Sheedy omgåande la på til Everton-siger 3-1.

Paolo Casarin frå Italia dømde kampen.

Laga

Everton sitt vinnarlag var: Neville Southall, Gary M. Stevens, Kevin Ratcliffe (kaptein), Derek Mountfield, Pat Van Den Hauwe, Trevor Steven, Peter Reid, Paul Bracewell, Kevin Sheedy, Graeme Sharp og Andy Gray.

Rapid Wien mønstra: Michael Konsel, Leo Lainer, Kurt Garger, Karl Brauneder, Heribert Weber, Reinhard Kienast, Zlatko Kranjčar, Peter Hrstic, Rudi Weinhofer, Hans Krankl og Peter Pacult. I det 60. og 67. minutt kom Johann Gröss og Antonín Panenka inn på bana, ut gjekk fyrst Pacult og sidan Weinhofer.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.