Cupvinnarcupfinalen i fotball 1974 fann stad på Stadion Feijenoord i Rotterdam 8. mai 1974, framfor 4 641 tilskodarar. FC Magdeburg vann finalen, den 14. i sitt slag, med siffera 2-0 over AC Milan.
Eit sjølvmål i det 42. minutt gav Magdeburg leiinga til pause. I den andre omgangen la Wolfgang Seguin på til 2-0, utan at Milan makta pynte på sluttresultatet.
Arie van Gemert frå Nederland dømde kampen.
Magdeburg sitt vinnarlag bestod av: Ulrich Schulze, Detlef Enge, Manfred Zapf (kaptein), Helmut Gaube, Wolfgang Abraham, Jürgen Pommerenke, Wolfgang Seguin, Axel Tyll, Detlef Raugust, Jürgen Sparwasser og Martin Hoffmann.
Milan stilte med: Pierluigi Pizzaballa, Angelo Anquiletti, Enrico Lanzi, Karl-Heinz Schnellinger, Giuseppe Sabadini, Aldo Maldera, Romeo Benetti, Gianni Rivera (kaptein), Carlo Tresoldi, Alberto Bigon og Franco Bergamaschi. Bergamaschi spelte ein time før han måtte vike for Alessandro Turini.
- Denne artikkelen bygger på «1974 European Cup Winners' Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2018.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.