From Wikipedia, the free encyclopedia
Cupvinnarcupfinalen i fotball 1972 fann stad på Camp Nou i Barcelona 24. mai 1972, framfor 24 701 tilskodarar. Rangers FC frå Glasgow vann finalen, den 12. i sitt slag, med siffera 3-2 over Dynamo Moskva.
Colin Stein gav Rangers leiinga i det 23. minutt. Willie Johnston la på til 2-0 i det 40. og til 3-0 i det 49. minutt av kampen. Vladimir Esjtrekov reduserte så til 1-3 i det 60. minutt og Aleksandr Makhovikov til 2-3 fire minuttar før tida var ute, nærare utlikning kom ikkje Dynamo Moskva.
José María Ortiz frå Spania dømde kampen. Ettersom han dømde også Cupvinnarcupfinalen 1968, vart han den einaste som var kampleiar i to ulike finalar i turneringa.
Rangers sitt vinnarlag var: Peter McCloy, Sandy Jardine, John Greig (kaptein), Derek Johnstone, Willie Mathieson, David Smith, Tommy McLean, Alex MacDonald, Alfie Conn, Colin Stein og Willie Johnston.
Dynamo Moskva mønstra: Vladimir Pilguj, Vladimir Basalajev, Oleg Dolmatov, Valerij Zykov (kaptein), Vladimir Dolbonosov, Jevgenij Zjukov, Jozjef Sabo, Aleksandr Makhovikov, Anatolij Bajdatsjnij, Andrej Jakubik og Gennadij Jevrjuzjikhin. Etter høvesvis 55 og 68 minuttars spel entra Vladimir Esjtrekov og Mikhail Gersjkovitsj bana, ut gjekk fyrst Jakubik og så Dolbonosov.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.