From Wikipedia, the free encyclopedia
Cupvinnarcupfinalen i fotball 1965 fann stad på Wembley stadion i London 19. mai 1965, framfor 97 974 tilskodarar. London-laget West Ham United vann finalen, den 5. i sitt slag, med siffera 2-0 over vesttyske 1860 München.
Etter ein mållaus fyrste omgang vart kampen avgjort vel midtvegs i den andre. Fyrst spelte Ronnie Boyce fri høgrevengen Alan Sealey, som skåra frå kort hald i det 70. minutt, og allereie to minuttar seinare la same karen på til 2-0 etter at 1860-målvakta ikkje klarte å fange eit innlegg frå Bobby Moore.
István Zsolt frå Ungarn dømde kampen.
West Ham stilte fylgjande 11, alle saman englendarar; Jim Standen, Joe Kirkup, Ken Brown, Bobby Moore (kaptein), Jack Burkett, Martin Peters, Ronnie Boyce, Brian Dear, Alan Sealey, Geoff Hurst og John Sissons.
1860 München mønstra; Petar Radenković, Manfred Wagner, Hans Reich, Wilfried Kohlars, Stevan Bena, Otto Luttrop, Alfred Heiß, Hans Küppers, Rudi Brunnenmeier (kaptein), Peter Grosser og Hans Rebele.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.